|
Prosjektbeskrivelse for Vemund Hagen 1999/2000 Arbeidstittel:
"Vegen" Tankane bak dette prosjektet er fleire, men hovudtanken er ein slags definering av meg sjøl, kvar eg står i mi utvikling som menneske og fotograf/kunstnar. I løpet av de siste ti åra av livet mitt har mykje skjedd med meg, ikkje så rart kanskje, men for meg er det rart å tenkje på kva eg har vore gjennom på desse åra. Eg har forteke ei reise frå barndommen trygge tilværelse i foreldreheimen på Vinstra, til eitt liv som omflakkande student, arbeidstakar, kjæreste og sambuar mm. Denne reisa har foregått etter ein veg, som er meir ein mental, tankemessig veg, enn ein fysisk veg. Ein utviklingsveg mot har teke meg til nye uutforska mål, men og fram og attende på vegar som har vore svært kjende. Det er denne vegen eg nå skal kartleggje og visualisere. Eg veit det kan verte vanskeleg, men det er tross alt ein kjent veg, ein veg eg har gått. Ein slags retrospektiv dokumentasjon kan ein kanskje kalle den... Eg kan ta ein kort oppsummering av vegen slik at bakgrunnen vert klarare både for meg og andre som skal hjelpe meg å kartleggje den. Det
byrjar på Vinstra i 1989. Eg er ferdig med gymnaset og dreg til
Trondheim for å studere på Noregs tekniske høgskule
(NTH, no NTNU). Det går ikkje bra, og istaden for å ta eksamen
på slutten av fyrste året dreg eg på interrail. Da har
eg allereie bestemt meg for å slutte og byrje på Strømmen
vidaregåande skule, fotograf grunnkurs. Etter eitt år på
Strømmen vgs. flyttar eg til Oslo og går eitt år til
på Sogn vgs foto vidaregåande kurs. Eg har no to med foto
grunnutdanning og sett i gang med å jobbe på mørkerommet
på Aftenposten (Noregs største avis/tidning). Samtidig prøver
eg å etablere meg som freelance-pressefotograf i Oslo. Det går
bra til å byrje med, men så surnar det. Eg går inn i
militæret og gjer fyrstegongstenesta mi og tek eitt halv år
ekstra som fotoassistent der etterpå. Eg har no søkt to gonger
på Fotohögskolan og ikkje komme inn, så eg bestemmer
meg for å satse alt ein gong til. I løpet av ein vinter i
Oslo jobbar eg med det, samstundes som eg prøver å finne
ut kva eg skal gjere dersom eg ikkje kjem inn på skulen. Eg føler
at eg har komme til eitt vegskilje, enten byrjar eg på skulen og
forsett mi bane som fotograf, ellers er det slutt med det, og eg må
finne på noko anna å gjera. Eg søker ein del rare jobbar,
men får (heldigvis) ingen av dei. Eg er no kommen til hausten 99 og det er dags dato. Det er det som ligg bakanfor som dannar eitt grunnlag for kva som skal komme, og eg føler ved å forske i det kan eg komme fram til noko som seier meg noko viktig. Ser eg nærare på mine vegar, så kan eg sjå eitt mønster når det gjeld geografi, det er dei reisene som foregår sørover som er dei mest lykka, og mentalt er det vegar som vert til mens eg går, ein slags skjebne-vegar kanskje? Men så skal ein gå over til den visuelle delen av dette prosjektet og merkeleg nok var det den som kom først. Eg såg for meg bilder nesten før eg hadde starta tankeprosessen som eg har no prøvd å forklare ovanfor. For meg er det få og enkle bilder som beskriv reiser som har forteke, det er vegar, reint fysisk asfalt, betong, stål og sprengt fjell, ein kan kalle det "modifisert terreng". I dette "terrenget" kan bilar, bussar og tog bevege seg i ein fart som gjer det mogleg å bevege seg mange hundre kilometer på ein dag. Over alle terreng treng ein kart. Ein må vete kvar ein befinn seg, og kvar man skal fysisk i terreng. Dette er kartets funksjon. Det som fascinerer meg med kart er at dei faktisk er bilder, todimensjonale bilder av noko som er tredimensjonalt og ein sjeldan ser (bortsett frå når ein reisar med fly). Dei kan være vakre og eitt objekt for ønskjer og draumar om andre stader og menneskje. Som førar meg over på det tredje visuelle elementet, portrettet. Portrett er bilde av menneskje. Menneskje er som regel alltid målet med reiser, det er dei som er livet (bortsett frå planter og dyr, som eg ikkje reknar med her). Det er dei som tilfører den reisande noko, dei gir og tar, delar meg seg, og gjer av du delar ut deg sjøl. Portrettet stiliserer dei som blir avbilda, det frys tida og gjer menneskje om til eitt objekt. Så
eg sitt att med tre slags "bilde" som eg vil ha med i utgangspunktet;
vegar, kart og portrett. Tanken/ideen er vidare at eg skal bearbeide desse
bilda vidare via diverse teknikkar. Kvifor gjere ting enkelt? Kvifor
skal eg så gjere alt dette med bilda? Jau for å fjerne meg
litt frå fotografiets innebygde realisme og nåtids-kjensle.
Eg håper å kunne gjer bilda meir tidlause og "poetiske"
i sitt uttrykk. Eg er litt lei fotografiets realisme og vil prøve
om eg kan fjerne det ved å legge på eitt lag til av mine eigne
penselstrøk. Om dette vil fungere slik som eg har tenkt meg veit
eg ikkje. Eg ser for meg bilda slik eg vil ha dei, men samstundes veit
eg at dei ikkje vil bli som eg har tenkt. Dette er ein del av prosessen
som gjer dette spanande og interessant for meg å halde på
med dette. Dette skal bli gøy! Vemund Hagen, Oslo 5. september 1999
© Vemund Hagen 1999 |